Naudetatane er på veg til Tysnes, der ein seglbåt har gått på grunn. Det er 110-sentralen i Vest som melder om grunnstøytinga.
Fergesambandet Halhjem-Våge er innstilt grunna redningsaksjon, melder Vegtrafikksentralen.
Lokale naudetatar, lokal ferje, Luftambulanse frå Bergen, med dykkarar, redningshelikopter frå Sola, kystvakt og sjøforsvar er med på redningsaksjonen.
Motoren gjekk då seglbåten vart funne, og HRS seier til NRK det truleg er ein person ombord i båten.
Litt seinare får BA opplyst at HRS har gjort funn av ein person. Status på personen er til nå uavklart.