Hovudredningselskapet trur ein person skal ha vore i seglbåten som har gått på grunn utanfor Tysnes i Sunnhordland. Dei leitar no etter personen i sjøen i området.
– Me har informasjon som tilseier at det har vore ein person om bord i båten, seier Anja Bakken i HRS.
Vest politidistrikt seier dei enno ikkje har kome i kontakt med eigaren av båten.
– Vi er i gang med søk etter personar i sjøen. Det er ikkje gjort noko funn enno. Båten er gjennomsøkt, der er det ingen, men alt tyder på at det har vore folk om bord ganske nyleg, seier operasjonsleiar Tatiana Knappen i Vest politidistrikt til NRK klokka 12.05.