Kystfiskarlaget innfører nulltoleranse for trakassering.
Det skriv Fiskeribladet.
Kystfiskarlaget har einstemmig vedtatt at trakassering og diskriminering skal skrivast inn i arbeidsavtalar.
Det vil likevel ikkje bli ekstra reaksjonar dersom nokon skulle bryte avtalen.
Vedtaket blei fatta på Norges Kystfiskarlag sitt landsmøte i Bodø tysdag og onsdag denne veka.
Avtalen er for å bevisstgjere, ifølge leiar Tom Vegar Kiil.
– Vi vil ha det med i arbeidsavtalar slik at leiar og tilsette skal vere merksam på at trakassering og diskriminering ikkje er lov. Vi ønsker å auke forståinga av kva ein ventar av kvar enkelt, sa leiar Tom Vegar Kiil.
Han fortalde at han har fått høyre fleire historier om seksuelle overgrep.
– Enkelte historier er frykteleg å få servert. Det er ikkje slik fiskerinæringa skal vere, sa Kiil.