Polen vil fjerne dei fleste koronarestriksjonane frå 1. mars, men det er framleis obligatorisk å bruke munnbind, seier statsminister Mateusz Morawiecki, ifølge Reuters.
– Vi har fått medisinske råd, og har sett kva som skjer i andre land. Difor kan vi no gjere store endringar i restriksjonane våre, sa han på ein pressekonferanse onsdag.