To afrikanske trenarar vil ha afrikansk kvote i bob og aking i OL i Beijing.
– Noko anna vil vere eit hardt slag for afrikanske vintersportsutøvarar, seier trenarane Brian McDonald og Zach Lund.
Afrika hadde ein slik kvote under OL i 2018, og Akwasi Frimpong (Ghana) og Simidele Adeagbo (Nigeria) blei dei første afrikanske OL-deltakarane. Begge deltok i skeleton.
Men IOC har teke ordninga vekk til OL i Beijing, og det meiner trenarane er feil. Dei ønskjer kvoten tilbake.
Ingen av dei to afikanarane er blant dei 60 topprangerte i verda. Det er dei som er kvalifiserte for OL. Frimposi er nærmast, nummer 65. I 2018 fekk han vere med, trass i at han då var nummer 99.
– Verdien av afrikansk deltaking i vinter-OL er svært stor og viktig for den olympiske rørsla, skreiv dei to trenarane i eit brev til IOC for ein månad sidan.
Dei har enno ikkje fått svar frå IOC. Men det internasjonale bobb-og akeforbundet har loiva å sjå på saka.