Sprintaren Deon Lendore, som har deltatt i dei tre siste sommer-OL og har ein bronsemedalje i stafett, omkom i ein frontkollisjon i Texas måndag, 29 år gammal.
Lendore deltok for Trinidad og Tobago i sommarleikane i 2012, 2016 og i fjor. Han sprang ankeretappen då det blei bronse på 4 x 400 meter i London-OL. Han hadde stor suksess i universitetsidrett, og i 2014 var han utan tap i 14 løp på 400 meter på veg mot NCAA-tittelen både innandørs og utandørs.