Mesteparten av langløpslaget Team Koteng Eidissen har hamna i karantene i Sveits og vil ikkje kome til start i La Venosta Time Trial i italienske Melago laurdag.
Ein person i støtteapparatet har testa positivt for korona, og dermed må heile laget i nærkontakt-karantene i minst sju dagar, melder langrenn.no.
– Det betyr at det ikkje blir skirenn på oss, seier manager Tore Bjørseth Berdal.
– Det er ein kjempenedtur for heile laget, og spesielt Astrid (Øyre Slind), legg Berdal til.
Ho mister viktige poeng i kampen om samanlagtsigeren i langløpscupen.
Likevel stiller ein av løparane på laget til start. Mikael Gunnulfsen har reist nedover og bur for seg sjølv i Pontresina. Han må køyre åleine til La Venosta og fikse alt sjølv, forteller Berdal.
Han kryssar fingrane for at alle testar negativt i karanteneperioden og kan stille til start i La Diagonela 22. januar.
Rennet laurdag er det femte av 14 å langløps-verdscupen, og NRK sender direkte.