Premier League har bedt om at medlemmer av dei seks klubbane som ville bli med i den europeiske superligaen trekkjer seg frå ulike komitear i ligaen, melder Sky Sports.
Om dei ikkje gjer det, risikerer dei å bli fjerna med makt.
Styreleiarar og direktørar i Arsenal, Chelsea, Liverpool og begge Manchester-klubbane sit i ulike liga-komitear. Tottenham har ingen i desse komiteane.
Dette er ein konsekvens av møtet dei 14 andre klubbane hadde tysdag, og som i klare ordelag avviste den nye superligaen.