Den fungerande helseministeren i Libanon har bede om at landet vert stengt i to veker for å hindre koronasmitte. Smitten i landet auka etter eksplosjonen i hovudstaden Beirut. Sundag vart det meldt om 439 nye smittetilfelle, noko som var ein ny topp.