Hopprenna for kvinner og menn i Holmenkollen er avlyst på grunn av sterk vind. Det er også tåke og mykje vatn i bakken. – Det er kjedeleg, men etter å ha sett vêrmeldinga dei siste dagane er det ikkje akkurat ei overrasking, seier Daniel André Tande.