Etter 19.38 i siste periode sette Montreal inn 5-4 i NHL-kampen mot Washington Capitals. To sekund seinare stod det 6-4.
Det er dei to raskaste måla i NHLs 101 år lange historie. Aldri før er det scora to mål med berre to sekunds mellomrom.
Det siste kom rett nok i tom kasse. Men likevel.