BBC: Iran klar for å diskutere kompromiss for å nå atomavtale
Iran er no klar for å diskutere kompromiss for å komme i hamn med ein atomavtale med USA, dersom amerikanarane er villige til å diskutere oppheving av sanksjonar.
Det seier Iran sin viseutanriksminister Majid Takht-Ravanchi i eit intervju med BBC.
Ifølgje Takht-Ravanchi er det opp til USA å bevise at dei ønsker å inngå ein avtale.
– Dersom dei er oppriktige, er eg sikker på at v vil vere på veg mot ein avtale, seier han.