Elkem sel delar av selskapet til Bluestar
Elkem har inngått ein avtale om å selje majoriteten av avdelinga som produserer silikon til Bluestar, kjem det fram i ei børsmelding.
– Denne transaksjonen er eit resultat av ein grundig og strategisk gjennomgang frå tidleg i 2025, og speglar av styret sin klare ambisjon om å skape eit sterkast mogleg fundament for langsiktig verdiutvikling, seier nestleiar i Elkem sitt styre, Dag J. Opedal.
Bluestar er frå før ein stor eigar av Elkem. Verksemda er ein stor produsent av silikon, silisium og karbonbasert materiale.