Vidarefører CO₂-fritak for fiskebåtar i utanriksfart
Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Raudt har blitt samde om eit budsjettforlik som inneber at CO₂-fritaket for fiskebåtar i utanriksfart blir vidareført.
– Svært gledeleg, seier Audun Maråk i Fiskebåt.
Tidlegare i år blei det innført nye reglar som sa at norske skip måtte betale for å fylle drivstoff i norske hamner.
Dette har vekt sterke reaksjonar både frå næringa og opposisjonen.
Fleire selskap fortalte til NRK at dei nye reglane gjorde at dei heller reiste til Shetland for å fylle.
Andre fortalte at dei måtte permittere tilsette.
Etter kort tid blei reglane endra, og forliket i går kveld sikrar at fritaket blir vidareført.