Hus brann ned til grunnen i Vik – mann frakta til sjukehus
Eit hus i Vik i Sogn er totalskadd etter ein brann som starta i 21-tida tysdag kveld.
– Huset er nedbrent, og det går framleis føre seg ettersløkking, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt til NRK klokka 05.10 onsdag morgon.
Det var naboar som oppdaga brannen, og som varsla naudetatane.
Ein eldre mann som budde på adressa vart frakta til sjukehuset på Voss i ambulanse.
– Helsetilstanden er ukjent, opplyser Dahl-Michelsen onsdag morgon.
Ein periode var det fare for spreiing til nabohus, og totalt fire personar frå nabohus vart evakuerte. Onsdag morgon har dei fått flytta tilbake.
Det vart kalla inn brannmannskap frå fleire stasjonar, mellom anna frå Leikanger som kom med ferje.
Klokka 22 var det god kontroll på brannen.
Politiet har teke avhøyr av vitne og har oppretta sak.
– Brannårsaka er ukjent, opplyser politiet.
Det er førebels ingen mistanke om at brannen er påsett.