Vegvesenet:- Ver på vakt
Statens vegvesen har fått fleire telefonar om glatte vegar, og då særleg nord på Askøy, nord på Radøy, Holsnøy og i Austrheim.
– Det er litt trykk no, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal.
I morgontimane hamna ein bil i autovernet i Austrheim, og her skal det vere veldig glatt, seier Omdal.
Meteorologisk institutt sende ut gult farevarsel for is frå i går og fram til i morgontimane i dag.
I Bergen er det seks grader og vegane ser ut til å vere fine, ifølge Vegtrafikksentralen.
– Men kjem det ei bye, så kan det fort fryse på, seier trafikkoperatøren.
Vegtrafikksentralen har fått færre klager frå nord i fylket så langt.
Omdal oppmodar alle bilistar om å vere obs på at vegane kan vere glatte, og at ein må ta det med ro.
– Fleire stader er det også overflatevatn, så køyr forsiktig.
– Med tanke på at det er gult farevarsel for is ute: forventar de meir trykk seinare i dag?
– Det er vanskeleg å vite om det er såpass mildt at nedbøren berre endar som vatn, og kor kald bakken er. Men uansett er det forhold som eg gjer at folk må vere merksame, seier han.