Ingrid Lingaas Fossum er «Årets Folkemusikar»
Langeleikspelaren Ingrid Lingaas Fossum er «Årets Folkemusikar». Prisen fekk ho under bransjefestivalen Folkelarm på Riksscenen i Oslo laurdag kveld. Ho blir av juryen omtala som «ein framifrå utøvar, formidlar og tradisjonsberar».
Folkelarmprisen er folkemusikkens eigen platepris, og har vore ein viktig del av Folkelarm sidan starten i 2005.
Lingaas Fossum, som er frå Øystre Slidre, vann også pris for årets soloalbum med «Eit halvt tusen år».