Norwegian tente nær 2,9 milliardar kroner
Tredje kvartalsrapport viser at Norwegian tente 2,891 milliardar kroner før skatt, melder Dagens Næringsliv.
– Vi er svært nøgde med nok ein gong å kunne rapportere eit rekordkvartal, seier konsernsjef Geir Karlsen i ei børsmelding.
Kvartalsrapporten til Norwegian viser at Norwegian har betalt ut eit utbytte på 950 millionar kroner. Dei har også bestilt 30 nye fly, melder E24.