Добавить новость


World News


Новости сегодня

Новости от TheMoneytizer

Politiet har konkludert med at observasjonane ved Sleipner ikkje var knytt til droneaktivitet

NRK.no 

Den 29. september varsla Equinor politiet om at det var blitt observert noko som kunne minne om ein drone ved bore-, produksjons- og bustadplattforma Sleipner A i Nordsjøen.

Saka har sidan vore under etterforsking. I dag opplyser politiet at dei har konkludert med at observasjonen ikkje var knytt til droneaktivitet.

– Det er et resultat av ei omfattande kartlegging av bevegelsane i området, saman med observasjonen som vitne kan fortelje oss om. Totalbilde er at det ikkje etter vår oppfatning er mogeleg at dette er dronar som har vore i sving, seier politiadvokat Øyvind Bore til NRK.

Det er gjennomført avhøyr av ei rekkje vitne, og dessutan kartlagt trafikk både på sjø og i luftrom i det aktuelle område og tidsrommet, opplyser politiet.

– I tillegg er det innhenta og gjennomgått videoovervaking som viser området frå fleire vinklar. Resultata av undersøkingane til politiet støttar ikkje at observasjonane kan knytast til dronar, opplyser politiadvokat Bore.

Bore peiker mellom anna på at det kan vere krevjande å tolke lys eller andre rørsler på avstand i mørket, og seier det er mogleg observasjonen var knytt til skipstrafikk.

– Gjennomgangen av videoovervakinga og andre undersøkingar viser i dette tilfellet at observasjonane eksempelvis kan knytast til skipstrafikk i området, seier politiadvokat Øyvind Bore.

Saka er dermed lagt bort på grunnlag av at det ikkje er bevist noko straffbart forhold.

Читайте на сайте


Smi24.net — ежеминутные новости с ежедневным архивом. Только у нас — все главные новости дня без политической цензуры. Абсолютно все точки зрения, трезвая аналитика, цивилизованные споры и обсуждения без взаимных обвинений и оскорблений. Помните, что не у всех точка зрения совпадает с Вашей. Уважайте мнение других, даже если Вы отстаиваете свой взгляд и свою позицию. Мы не навязываем Вам своё видение, мы даём Вам срез событий дня без цензуры и без купюр. Новости, какие они есть —онлайн с поминутным архивом по всем городам и регионам России, Украины, Белоруссии и Абхазии. Smi24.net — живые новости в живом эфире! Быстрый поиск от Smi24.net — это не только возможность первым узнать, но и преимущество сообщить срочные новости мгновенно на любом языке мира и быть услышанным тут же. В любую минуту Вы можете добавить свою новость - здесь.




Новости от наших партнёров в Вашем городе

Ria.city
Музыкальные новости
Новости России
Экология в России и мире
Спорт в России и мире
Moscow.media










Топ новостей на этот час

Rss.plus