Køyrde i motgåande køyreretning på E39
Naudetatane rykte like etter klokka 13 ut til ein front mot front kollisjon på E39 Fritz Riebers vei i Bergen. Like før fekk politiet fleire meldingar om ein bil som køyrde i motgåande køyrefelt.
– Bilen var sist observert i området Trollhaugtunenlen, men før vi fekk stoppa bilen fekk vi melding om trafikkulukke der, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik ved Vest politidistrikt.
Ein ung mann og ei kvinne i 50-åra var involverte i ulukka. Begge er bevisste, men blir køyrde til Haukeland. Kvinna kan vente seg eit førarkortbeslag ettersom det var ho som køyrde i feil felt.
– Korleis denne har kome seg ned dit, har eg ikkje fått detaljar på, seier Hausvik.
Begge bilane står i venstre køyrefelt, sørgåande retning. Skadeomfanget er førebels ukjend. Bilbergar er på veg og vegen er venta opna om kort tid.