Etterlyst i Sverige – blei pågripen i Bergen
– Ein mann i byrjinga av 20-åra blir attrådd varetektsfengsla i fire veker for overlevering til Sverige, seier påtale og politiadvokat Eli Valheim i Vest politidistrikt til NRK.
Mannen blir i Hordaland tingrett framstilt for fengsling klokka 11.00 sundag. Mannen blei arrestert klokka 21.00 den 13. juni i Bergen.
– Bakgrunn for pågripinga er at svenske myndigheiter har etterlyst han for pågriping ved ein nordisk-europeisk arrestordre, seier Valheim.
Mannen har vore etterlyst sidan 11. juni.– Årsaka er at det er mistanke om at han har gjort ran, grov utpressing, seksuelle overgrep, og motarbeiding av ein aktør i rettsvesenet, seier Valheim.
Strafferamma for desse rettsforholda er i Sverige frå åtte år fengsel og nedover, opplyser Valheim.
Det skal vere snakk om tolv ulike lovbrot.
– Mannen opplyste at han var her i Bergen i forbindelse med en jobb, seier politiadvokat Eli Valheim til BA.
– Er forholda mot forskjellige personar?
– Eg har ikkje gått inn i dei forholda. Me held oss til arrestordren som ligg føre, seier Valheim.
Forsvarar er advokat Johan Vangberg Jensen, ved Advokatfirmaet Wegner Mæland, og han møter på videolink. Han har førebels ikkje svart NRK.