Kongeparet om prinsessa sine studieplanar: – Må få lov å studere
Under kongeparet sitt første offisielle besøk i Balsfjord i Troms, fekk dei spørsmål om at prinsesse Ingrid Alexandra skal studere i Australia.
– Er ikkje det fint? spør kong Harald.
– Det er veldig bra, seier dronning Sonja.
– Kva tenker kongeparet om dei som meiner ho burde studert nærare Noreg for å bidra meir til Kongehuset?
– Ho må få lov til å studere og få ei utdanning no, før ho begynner å representere for alvor.
Kongeparet dreg vidare til Kvænangen torsdag, før turen går vidare til Svalbard søndag.