Tok med seg safe frå bakeri i Bergen
Tjuvar har i løpet av natt til onsdag vore inne i Godt Brød sine lokale på Kronstad i Bergen. Politiet fekk melding klokka 03.00.
Ifølgje politiet har dei ikkje stole verken brød eller kaker, men ein safe.
– Det var ein vekter på tilsynsrunde som oppdaga at ei skyvedør på bakeriet var brote opp. Me sende bilar til staden, mellom anna ein hundepatrulje. I lokalet konstaterte me at ein safe var teke vekk, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt.
Dagleg leiar vart varsla og kom ned til staden. Han stadfesta at ein safe var stole.
– Safen var så stor at ein må vera fleire for å få den ut, seier Johannessen.
Politiet har førebels ingen mistenkte, men etterforskar saka vidare. Mellom anna skal dei sjekka kameraopptak frå området.