Storbritannia innfører sanksjonar mot to israelske ministrar
Det melder Reuters som siterer The Times.
Storbritannia føyer seg bak Canada, Australia, og New Zealand i å sanksjonere Israels finansminister Bezalel Smotrich og tryggingsminister Itamar Ben-Gvir.
Storbritannia vil fryse deira midlar i Storbritannia og nekte dei i å reise inn i landet.
Dette er respons på Israels brutale krigføring på Gazastripa.
Smotrich har godkjent utvidinga av busettingar på Vestbreidda og kjempa mot å tillate humanitær hjelp inn i Gaza. Han har tidlegare uttalt at han ikkje ville tillate at «så mykje som eit kveitekorn» kjem inn i krigssona.
I mai sa han at «Gaza vil bli fullstendig øydelagt» og at palestinarar vil «forlate området til eit tredjeland».
Ben-Gvir har tatt til orde for å erstatte al-Aqsa-moskeen i Jerusalem med ei synagoge og for å utvise palestinarar frå Gaza.
«Vi må oppmuntre til utvandring. Oppmuntre til frivillig utvandring av innbyggarane i Gaza,» sa han i fjor.
Tidlegare i år uttalte han at «det er ikkje behov for hjelp. Dei har nok». Han kalla avgjerda om å ta opp att hjelpeleveransar til Gaza for ein «alvorleg og grov feil».
Israel sjølv seier dei vil