Ulriksbanen stengd på grunn av vind
Ulriksbanen er stengd på grunn av sterke vindkast i dag.
Det er meld om vindkast på opp mot 24 sekundmeter på Ulriken i dag. Grensa for å stenge Ulriksbanen er 22 sekundmeter, opplyser dagleg leiar Amanda Haugland i Ulriken643.
– Dette er ikkje vanleg, i alle fall ikkje om sommaren. I snitt har me kanskje fire-fem dagar i året der me må stenge heile dagen som dette, og det er vanlegvis meir eit haustfenomen, skriv Haugland til NRK.
– Det er sjølvsagt ein uheldig økonomisk situasjon å måtte stenge, men me set alltid tryggleik og sikkerheit øvst i prioriteringa.
Det er meld vindfullt fleire stader i Sør-Noreg i dag, og metorologen rådar folk til å sjekke lause gjenstandar som kan blåse avstad.