FN: Angrep på sivile i matkø er krigsbrotsverk
FNs høgkommisær for menneskerettar, Volker Türk, seier dødelege angrep på sivile rundt senter for utdeling av mat i Gaza, er krigsbrotsverk.
– Angrep retta mot sivile er eit alvorleg brot på folkeretten og eit krigsbrotsverk, seier han.
Dei siste dagane har det kome fleire meldingar om at det har blitt skote mot palestinarar nær naudhjelpssenter i Gaza.
Türk krev ei rask og upartisk etterforsking av desse hendingane.