Sør-Odal vil byte fylke frå Innlandet til Akershus
Måndag kveld gjekk eit samrøystes kommunestyre i Sør-Odal kommune inn for at dei vil byte fylke frå Innlandet til Akershus.
No vil dei sende inn søknad til Statsforvalteren i Innlandet som skal behandle det vidare. Eit byte kan fyrst tre i kraft 1. januar 2028.
– Det er eit vedtak for ein heil generasjon. Vi har sterke band til Akershus og har ei anna utvikling enn resten av Innlandet. Vi har vekst og vi vil ta del av Gardermoeffekten, seier ordførar Knut Hvithammer (Ap).