Direktoratet for medisinske produkt åtvarar mot falske slankemedisinar
Direktoratet for medisinske produkt (DMP) åtvarar mot å kjøpe slankemedisinen Mounjaro frå ulovlege nettsider.
Nyleg beslagla Tollvesenet ei postsending med falske pakningar som var merkte med svensk tekst og likna dei ekte produkta.
– Du veit aldri kva du får, og du kan i verste fall få alvorlege helseskadar av å bruke legemiddel du har kjøpt frå ulovlege nettsider, seier Ingrid Aas, overlege i DMP.
Etterspurnaden etter slankemedisin har auka kraftig, og kriminelle nettverk utnyttar dette ved å selje falske produkt utan resept, skriv direktoratet.