Israel opnar for naudhjelp til Gaza – babygraut fyrst inn
Israel kunngjorde måndag at dei vil sleppe inn lastebilar med babygraut til Gazastripa, melder AFP.
Det er den fyrste hjelpa som får sleppe inn sidan den totale nødblokaden vart innført 2. mars.
Det israelske utariksdepartementet sa under ein pressekonferanse at titals hjelpelastebilar skal få sleppe inn dei komande dagane.
FN-ekspertar har åtvara om at 470.000 menneske er i fare for å svelte i hel som følge av blokaden. Tusenvis av sjuke risikerer å døy som følge av mangel på medisinar og medisinsk utstyr.