Sikta etter knivhending i Bergen 16. mai
Ein mindreårig gut vart sendt til Haukeland etter ein knivhending på Sletten i Bergen seint fredag kveld. Han var ikkje alvorleg skadd og er skriven ut av sjukehuset.
Ein annan mindreårig gut vart pågripen ettermiddagen 17. mai. Politiet har avhøyrt han.
– Han knyter seg til hendinga, seier jourhavande jurist Bernt Dalsveen.
Politiet ønsker ikkje å varetektsfengsle han, men han blir følgt opp av Barnevernet, ifølge Dalsveen.
Ingvar Frostad er forsvarar for guten.
– Han har vore i avhøyr og forklart seg. Det kjem til å bli eit nytt avhøyr seinare i dag, seier Frostad.