Sjefen i Novo Nordisk går av
Lars Fruergaard Jørgensen er ferdig som konsernsjef i den danske legemiddelgiganten. Det skriv selskapet i ei pressemelding. Han har styrt Novo Nordisk sidan 2017. Novo Nordisk er eit av dei mest verdifulle selskapa i Europa og har mellom anna tent store pengar på diabetesmedisinen Ozempic.
– Med tanke på dei nylege marknadsutfordringane, aksjeprisfallet, og ønsket frå Novo Nordisk-stiftinga, har styret og Lars Fruergaard Jørgensen konkludert med at ei endring er til det beste for selskapet og eigarane, skriv dei i pressemeldinga.
Børsverdien til Novo Nordisk auka svært mykje gjennom mange år, men det siste året har kursen stupt og no er aksjekursen meir enn halvert på under eitt år.