Ny jobb for Hoel
Professor i historie og tidlegare statsråd Oddmund Hoel er tilsett som ny toppsjef for restaureringsarbeidet av Nidarosdomen og dei andre bygningane i området.
Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) skriv i ei pressemelding at Hoel startar i jobben alt 1. juni.
Hoel har hittil jobba på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal, men kjem opphavleg frå Trondheim.