ESA vurderer å opne sak etter tildeling av Sørlandsbanen
Eftas overvakingsorgan ESA vurderer å opne sak mot Noreg etter at Jernbanedirektoratet i oktober i fjor tildelte Sørlandsbanen til Vy og vraka Go-Ahead.
Det skriv Aftenposten.
Britiske Go-Ahead har drifta Sørlandsbanen sidan 2019, ein avtale som går ut i desember 2027. I oktober i fjor bestemde Jernbanedirektoratet, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, at Vy skal ta over togstrekninga mellombels frå 2027 og i inntil fem år.
ESA meiner direktetildelinga er ulovleg, men Samferdselsdepartementet står fast på at det er i tråd med regelverket.
Departementet argumenterer med at dei har behov for å vurdere og omstrukturere alle jernbanepakkane samla. I dag driftar SJ tilbodet i nord, Vy i vest og Go-Ahead i sør. Avtalane med SJ og Vy går ut i 2028 og 2029.
Departementet har frist for å komme med svar 29. mai.
(NTB)