Skal ha skote fyrverkeri ut av bilvindauget
Rett før klokka 01 natt til torsdag stoppa ein Up-patrulje ein bil med tre ungdommar i krysset Arøyvegen/Helgheimvegen i Sogndal.
Då hadde dei observert at personar i bilen ungdommar skal ha skote fyrverkeri ut frå bilen.
Det var tre ungdommar i bilen.
– Der opprettar politiet sak på bakgrunn av vegtrafikklova §3 på føraren. Det vert også vurdert om politiet skal oppretta sak på passasjerane i bilen for fyrverkeriet, fortel operasjonsleiar Thomas Kirkebø Eriksen i Vest politidistrikt.
Førarkortet til bilførar vart beslaglagt grunna det politiet meiner er brot på aktsemdparagrafen i vegtrafikklova.
– Det er grunna dei farane dette skapar i trafikken, seier Kirkebø Eriksen.
Bilføraren var ein mann i slutten av tenåra. Det er ikkje meldt om skadde personar i samband med hendinga.