Pakistans forsvarsminister avviser atomvåpen-møte
India og Pakistan har angripe kvarandre gjennom natta.
Statsministeren i Pakistan, Shebaz Sharif, har også sagt at han har kalla inn myndigheita som har ansvar for atomvåpena i landet. Det er han sjølv som leier dette organet.
Men førebels er det ikkje planlagt noko møte i dette styret, seier forsvarsminister Khawaja Asif til Ary TV ifølge Reuters.
– Atomvåpenalternativet er til stades, men låt oss ikkje snakka om det. Me bør sjå på det som ein fjern moglegheit, me bør ikkje eingong diskutera det, seier han til kanalen ifølge Al Jazeera.