Utanriksministeren til NRK: – Ei opptrapping me ikkje har sett på veldig lenge
Espen Barth Eide (Ap) skildrar situasjonen i Kashmir som «svært bekymringsfull» etter angrep frå både Pakistan og India natt til laurdag.
– Det er ei opptrapping som me ikkje har sett på veldig lenge, seier han til NRK.
Særleg åtaka i Rawalpindi, rett ved den pakistanske hovudstaden Islamabad, ser han som eit nytt nivå i konflikten – fordi det ligg så langt inn i landet.
– Det er ein farleg spiral. Det veit eg at begge partar veit. Det er eigentleg ingen som ønskjer dette, men det er heller ingen som klarar å vera den som stoppar, seier Barth Eide.