Matlaging er årsak til dei fleste husbrannane i jula. Det fortel Håvard Kleppe i Ålesund brannvesen.
Vi tenner fleire lys, lagar mat, varmar opp hus og kosar oss litt ekstra.
Han ber oss halde oss ved komfyren når vi kokar og steiker ved høg varme. Ein bør også vere til stades når maten berre står og putrar.
Det er også viktig å unngå å ha brennbart materiale nært levande lys, og passe på å sløkke dei når ein går ut av rommet. Ein bør heller ikkje ladde mobilar om natta.
Han ber folk sørge for at røykvarslarane fungerer og at ein har lett tilgjengeleg brannsløkkingsapparat.