Vestland fylkeskommune får 75 millionar kroner for å dekke utgiftene etter uvêret «Jakob» i haust.
– Dette uvêret råka ikkje berre folk og eigedommar, men også kommunar og fylkeskommunar. Då har det vore viktig for Senterpartiet og Arbeidarpartiet at kommunane ikkje skal stå i det åleine, seier Erling Sande, kommunal- og distriktsminister (Sp).
– Vil pengane dekke alle utgiftene som har vore knytt til uvêret?
– Det vil nok ikkje dekke alle utgifter. Nokre utgifter må nok også fylkeskommunen ta åleine, seier Sande.
Totalt vil departementet dele ut 500 millionar kroner til fleire kommunar og fylkeskommunar som har blitt råka av «Jakob», flaumen «Hans», samt uvêret som herja Telemark i sommar.
Linda Merkesdal, stortingsrepresentant for energi - og miljøkomiteen, innvalt inn for Hordaland, seier ho er veldig nøgd med at det no kjem pengar som kan reparere øydelagd infrastruktur.