Tre menn er dømde for å ha forsøkt å sprenge den israelske forsvarsleverandøren Elbit Systems kontor i Göteborg i sommar, skriv NTB.
Ein mann i 25-årsalderen er dømd til sju år i fengsel, medan ein 16 år gammal gut er dømd til eitt år og to månader i lukka ungdomsanstalt.
Dei må også betale 4,9 millionar svenske kroner til Elbit Systems for å dekke utgiftene selskapet har hatt til ekstra vakthald og tryggingstiltak.
Ein mann i 30-åra er dømd til fire år og ni månader fengsel for brot på lova om eksplosiv. Men han blei frikjend for tiltalen for å ha medverka til sprengingsforsøket.
Alle dei tre nekta straffskuld.