Ein mann med kniv blei onsdag kveld gripen utanfor residensen til Sveriges kronprinsesse Victoria i Hagaparken i Stockholm, melder Aftonbladet.
– Det er ein mann som har vore i området som har oppført seg merkeleg og som då blei kontrollert. Då fann vi ein kniv, seier talsperson for politiet Per Fahlström til avisa.
Aftonbladet skriv at dei har fått opplysningar om at mannen også hadde med handjern, teip, vernemaske og ein leikepistol.
Mannen er sikta for våpenlovbrot og planar om grov vald, skriv avisa.