Frankrikes statsminister Michel Barnier kom torsdag til Elysee-palasset for å levere avskjedssøknaden sin til president Emmanuel Macron, melder AFP.
Onsdag stemte den franske nasjonalforsamlinga for eit mistillitsforslag mot Barnier og regjeringa hans.
Det var svært krevjande for Macron å finne statsminister då Barnier blei peika ut, og no må han starte arbeidet på nytt.