Tidlegare forsvarsminister Moshe Yaalon skuldar Israel for krigsbrotsverk og etnisk reinsking på Gazastripa.
Yaalon var forsvarsminister under Netanyahu frå 2013 til 2016.
– Dagens ytre høgreregjering er fast bestemt på å okkupera, å annektera, å etnisk reinsa, sa han til israelske medium i helga.
På spørsmål om kva han meinte «etnisk reinsing», peikte Yaalon på situasjonen heilt nord i Gaza, kor Israel sidan oktober har auka innsatsen med ein massiv fly- og bakkeoffensiv.
– Dei reinsar faktisk territoriet for arabarar, sa Yaalon til israelsk TV laurdag.
Netanyahu sitt parti Likud skuldar Yaalon for å komma med falske påstandar.