Då SV og regjeringa sundag blei einige i budsjettforhandlingane, blei det klart at dei aukar studiestøtta på 10 prosent og vil bygge nye studentbustadar.
– Dette er verkeleg ein gledas start på adventstida for alle studentar i Noreg.
Det seier leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) Kaja Ingdal Hovdenak, og legg til at auken i studiestøtta er sårt trengt hos studentane.
Men forhandlingane kjem likevel med ein bismak, meiner Hovdenak. Ifølge NSO statsbudsjettet utfordrar prinsippet om gratis og tilgjengeleg høgare utdanning.