Det er starta leiteaksjon etter at politiet fekk ei bekymringsmelding om ei kvinne som er sakna frå området Nesttun i Bergen.
– Kvinna var sist sett 08.25. Pårørande er bekymra. Med bakgrunn i desse opplysningane er det starta redningsaksjon, seier operasjonsleiar Helge Blindheim i Vest politidistrikt.
Politiet fekk meldinga klokka 11.20, og skriv klokka 16.30 at det er starta søk etter kvinna i området.
Frivillige er kalla ut til søket og det blir også søkt med redningshelikopter.
– Norsk Folkehjelp er kalla ut, Røde Kors, og Norske Redningshunder, seier Blindheim.
Det vil også vere ein del uniformert politi i området.
– Me leitar på Smøråsfjellet, Nattlandsfjellet, Livarden, og rundt Nordåsvatnet er aktuelt, seier Blindheim.