Kommunalminister Erling Sande har blitt orientert i arbeidet til ekspertgruppa regjeringa sett ned før sommaren som har fått i oppdrag å sjå korleis kunstig intelligens (KI) kan påverka val.
– Sjølv om det verkar som at kunstig intelligens ikkje har påverka utfallet av vala hittil, betyr det ikkje at me kan sjå vekk frå problemstillinga, seier Sande.
«Superval-året» 2024 har sett val i mellom anna Frankrike, India, USA, EU, Storbritannia og Indonesia. Samtidig har KI og verktøya for å produsera tekstar, realistiske lydklipp, bilde og videoar blitt meir tilgjengeleg, noko som kan så tvil om kva som er sant og ikkje, skriv kommunaldepartementet i ei pressemelding.
– Det me har sett når me har vore ute og samla inn informasjon, er at dommedagsprofetiane ikkje har slått til. Men me må ikkje senka garden av den grunn. Teknologien er ny, og me kjenner ikkje potensialet fullt ut, seier leiar av ekspertgruppa Niels Nagelhus Schia.