Den einaste måten å komme seg ut av kommunen no er gjennom helikopter.
Hurtigbåten til Stavanger køyrer ikkje grunna is på fjorden. Fv520 Ropeid i Suldal er stengd inntil vidare på grunn av eit steinras, og vegen til Røldal er stengd grunna uvêr.
Med dette er dei tre fartsårene ut av kommunen stengde.
Kommunedirektør Vegard Thise opplyser likevel at ambulansen kjem seg forbi på Fv520.