Onsdag ettermiddag blei det lagt fram konkrete avtaletekstar under klimaforhandlingane i Baku i Aserbajdsjan.
No skal presidentskapen gå gjennom forslaga, og presentere ein ny tekst i løpet av kvelden.
Forhandlingane har vore vanskelege, seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik til NRK.
– Det er vanskeleg, men det trur eg er vanleg på desse klimatoppmøta, for alle land i verda er til stades. Så er det ulike forhandlingsbord. Det er finansiering, klimatilpassing og andre område. Alt er ikkje klart før alt er klart. Framleis står mange land på primærposisjonane sine, og så må alle elementa gå opp til slutt.