Det opplyser Elden advokatfirma til NRK.
I mars blei Frp-leiar Sylvi Listhaug følgt av ei gruppe demonstrantar gjennom Oslo sentrum.
No er de tre demonstrantane som blei gripne av PST i april tiltalt for å ha rettsstridig forsøkt å påvirke Sylvi Listhaug under ein demonstrasjon i Oslo sentrum i mars 2024.
Dei tiltalte nektar alle straffskuld opplyser forsvarane deira i Elden Advokatfirma.
Dei tre var tidlegare sikta for omsynslaus åtferd og for å ha skapt fare for ein stortingsrepresentants virke etter å ha følgt etter Frp-leiaren i mars. Alle nektar straffskuld.
Retting: I ei tidlegare versjon av meldinga skreiv NRK at demonstrasjonen skal ha skjedd i mars 2023, det rette var mars 2024.