Donald Trump skal ha valt guvernøren i Sør-Dakota, Kirsti Noem til å leie tryggingsdepartementet i USA, Homeland Security, melder CNN.
TV-kanalen skriv at Noem er lojal overfor Trump, og at han truleg vil bruke departementet for å få gjennomført innanrikspolitikken sin.
Noem skal ha vore på Trumps liste over mogelege visepresidentkandidatar, men blei valt bort etter at ho i ei bok vedgjekk at ho hadde teke livet av hunden sin fordi han ikkje passa til å vere jakthund.