Ein mann i 60-åra er funnen død i 18-tida etter ein redningsaksjon i sjøen i Austevoll.
Det stadfestar politiet, som har varsla dei pårørande.
Aksjonen blei sett i verk då mannen blei meldt sakna i ettermiddag. Politiet frykta at mannen hadde ramla i sjøen frå ein kai eller ein båt som låg ved kaien.
Søkeområdet var rett nord for ferjekaien på Hufthamar.
Mannen skal ikkje ha blitt sett sidan i føremiddag. Han blei meldt sakna rundt klokka 16.35.
Brannbåt med dykkarar, lokalt brannvesen, helseressursar, kystvakt og politi deltok i aksjonen.